Interkommunalt samarbeid (INSAM) skal vere eit praktisk verkemiddel for systematisk drift og utvikling av eit godt og effektivt tenestetilbod i kommunane. Prinsippa i handboka og viljeserklæringa skal òg bidra til å gjere kommunane til gode forvaltarar og dyktige samfunnsutviklarar i tråd med det kommunane har vedteke.
Viljeserklæring og håndbok vart vedteken i Regionstyret for Interkommunalt politisk råd den 15.09.23, og i kommunestyra i Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk i oktober - desember 2023.