Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdalen (IPR) har i perioda 2019-2023 gjennomført ei prosjektbasert satsing for å styrke innovasjonsarbeidet i dei 6 kommunane i regionen. Dette arbeidet blir no vidareført på permanent basis. Parallelt med innovasjonssatsinga er det i 2023 etablert ein ny struktur og ei ny plattform for det avtalebaserte, interkommunale samarbeidet om ulike tenester – forkorta INSAM.
Vi lyser ut 100% fast stilling som rådgjevar med ansvar for tilrettelegging av INSAM og vår vidare satsing på innovasjon.
Vi søkjer deg som
- arbeider sjølvstendig og strukturert
- tek initiativ og er utviklingsorientert
- skaper engasjement og gode rammer for samarbeid med kollegaer og eksterne partnarar
- har erfaring med bygging og vedlikehald av faglege nettverk
- kan dokumentere god resultatoppnåing
Om stillinga
- Du vil rapportere direkte til dagleg leiar og arbeide i grensesnittet mot kommunedirektørane og sektorleiarane i kommunane
- Stillinga føreset brei kontakt med fylkeskommunale og statlege miljø, verkemiddelapparatet og akademia
- Arbeidsoppgåvene har stor politisk merksemd både i regionen, i fylkeskommunen og på statleg nivå
Arbeidsoppgåver
- Hovedansvar for innovasjons- og utviklingsarbeidet forankra i 4-årig strategiplan og årlege handlingsplanar for IPR
- Legge til rette årshjulet for oppfølging av Handbok og Viljeserklæring for interkommunalt samarbeid (INSAM) i tett samarbeid med kommunedirektørane
- Akkvisisjon av eksterne midler til innovasjons- og utviklingsarbeid
- Saksutgreiing og sakshandsaming i samarbeid med dagleg leiar
- God kjennskap til offentleg sektor og et breitt samfunnsengasjement
- Erfaring med sakshandsaming
- Utdanning på bachelor- eller masternivå. Særleg relevant praksis kan kompensere for formell utdanning
- Kunne initiere og styre prosessar og prosjekt
- Ha ei uttalt serviceinnstilling
- Gode digitale ferdigheiter og erfaring med sosiale media
- God skriftleg og munnleg formidlingsevne
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Ei fleksibel stilling der du arbeider med kjerneoppgåver for kommunesektoren
- Løn etter avtale
- Kommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kontorstad: Skansen 7, 2670 Otta.
Søknad
Nærare informasjon om stillinga kan gjevast av dagleg leiar Frode Damstuen, tlf. 90915501. Søknad sendast på e-post til e-post@regionkontoret.no
For meir info om Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdal viser vi vil heimesida vår www.nord-gudbrandsdal.no