Visste du at arbeidsgjevar kan få redusert arbeidsgjevaravgift dersom du byttar kontorplass frå sentrale strøk til Lom? Vi ligg nemleg i sone 3, med ei arbeidsgjevaravgift på 6,4%. Kan det vere eit godt argument for ein arbeidsgjevar som ikkje umiddelbart vil betale for ein kontorplass «på bygda»?
Kriteriet for å få redusert arbeidsgjevaravgift er at det blir oppretta ein «underenhet» i Brønnøysundregisteret. Her kan du lese meir om det.