Skatteoppkrevjar har ein noko spesiell funksjon innan kommuneadministrasjonen. Det er Skatteetaten som er den operative leiar, og som har fagleg styring og kontroll.
Skattelovgjevinga er positivt regulert, med liten grad av skjønn. Det er etablert eigne klageorgan, og sakene har full prøvingsrett i rettssystemet.
Innkrevjingsfunksjonen er kommunal. Skatteoppkrevjar er tilsett i kommunal administrasjon, der kommunestyret er overordna arbeidsgjevar. Kontrollutvalet er utnemnde og utfører kontroll og tilsyn på vegne av kommunestyret. I kraft av dette skal kontrollutvalet sjå til at den økonomiske forvaltninga blir utført i tråd med gjeldande bestemmelsar og vedtak. Lova gjev innsynsrett alle saker, også teiepliktige saker.
Kontrollutvalet skal ha dei opplysningane dei finn naudsynte. For å opplyse sakstilhøve, kan det bli naudsynt å gjera greie for teiepliktige opplysningar. Kontrollutvalet må i slike tilfelle lukke møtet etter reglane. I protokollen må ein sladde teiepliktige opplysningar.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gjeve denne tolkninga.
Uttalen viser til heimlar i kommunelova av 1992. Lova er endra, men bestemmelsane på dette området er vidareført. Den nye lovteksta gjev i røynda større innsynsrett til kontrollutvalet enn tidlegare. Den nye kommunelova vil bli sett i kraft når forskriftene er ferdig utarbeida.